NRK – Norge – Vis original

Meiner det er sannsynleg at Bhatti påverka Matapour i terrorsaka

Send e-post til Journalist Geir Bjarte Hjetland — Journalist — Send e-post til Journalist Amund Rotbakken-Gundersen — Journalist — Send e-post til Reporter i Oslo tingrett Olav Døvik — Reporter i Oslo tingrett

Oslo tingrett meiner at bevisa er sterke for at Arfan Bhatti påverka Matapour til å utføre Pride-skytinga i 2022.

Det vekte stor merksemd då det torsdag blei kjend at Bhatti var blitt henta i Pakistan av mannskap frå politiet sin beredskapstropp.

Etter at flyet med Bhatti landa, blei han frakta direkte til fengsel i Kongsvinger.

Laurdag var det fengslingsmøte i Oslo tingrett.

I avgjerda frå tingretten kjem det fram at dei meiner det er sannsynleg at Arfan Bhatti påverka Zaniar Matapour psykisk til å skyte og drepe fleire menneske 25. juni i 2022.

Vil halde han fengsla

No er han fengsla fram til 1. juni utan tilgang til å få besøk eller å lese brev.

Bhatti var sjølv ikkje til stades då tingretten avgjorde dette.

Politiadvokat Ingvild Myrold seier til NRK at kjem til å krevje at Bhatti sit fengsla til det blir ei eiga rettssak mot han som sikta i Pride-skytinga.

– Eg trur det blir vanskeleg å få til ei rettssak i år, seier Myrold.

Alt komande veke kjem Bhatti til å bli henta inn som vitne i den pågåande rettssaka mot terrortiltalte Zaniar Matapour.

– Vi ønskjer å høyre Bhatti sitt syn på anklagen mot han. Men han har rett til å nekte å forklare seg som sikta, det respekterer vi, seier politiadvokaten.

Vil ikkje seie noko

Bhatti sin forsvarar, John Christian Elden, seier at Bhatti ikkje kjem til å seie noko i retten.

– Han kjem ikkje til å forklare seg så lenge han er sikta i same sak, seier Elden.

Torsdag kom nyheita om at Noreg hadde fått til ein avtale med Pakistan om utlevering av Bhatti.

– Når vi lukkast med dette kan det gje oss fleire svar på det forferdelege som skjedde natta 25. juni, sa justisminister Emilie Enger Mehl (Sp).

Ifølgje advokat Elden kom det overraskande på Bhatti at han skulle bli utlevert til Noreg.