NRK – Nordland – Vis original

Desse hundane er nesten dømde til å bli tjukke

Send e-post til Journalist Sunniva Grimstad Hestenes — Journalist

Det er ikkje sikkert det er Luna sin feil at ho er lubben. Eit spesielt gen hos labradorar og flatcoated retrieverar kan vere grunnen. No har forskarar avslørt korleis genet påverkar hundane.

Seks år gamle Luna er som dei fleste labradorar.

Ho er glad i folk, omgjengeleg og et absolutt alt ho kjem over.

– Ho reagerer på skapdører, kjøleskapsdøra eller om det knitrar i plastikk. Ho dukkar opp sjølv om det ser ut som om ho er i djup søvn, seier matfar Leif Sanden.

Og ifølge han veg ho to til tre kilo for mykje.

– Ho er kraftig og litt kort i beina. Også har ho litt lett for å leggje seg og slappe av, seier Sanden.

– Ho finn stadig noko å tygge på om ho får sjansen til det. Ho finn fram til godbitane raskt, og brukar nasen. Ho et nesten alt.

Men kvifor er det slik at labradorar et mykje og lett blir litt lubne?

Nokre forskarar ved University of Cambridge har kanskje funne svaret, og kva du kan gjere for å halde hunden din i god form.

Genmutasjon

Ein av fire labradorar og over halvparten av flatcoated retriever-hundar har eit gen som gjer det svært vanskeleg for eigarane å halde dei slanke.

Det handlar om ein mutasjon i genet POMC. Dette genet spelar ei rolle i å regulere svolt og energiforbruk i kroppen.

I 2016 oppdaga forskaren Eleanor Raffan ved University of Cambridge at ein mutasjon i POMC ser ut til å gjere noko med vekta til dei to hunderasane labrador retriever og flatcoated retriever. Det skriv forskning.no, som skreiv om saka først.

25 prosent av labradorar og 66 prosent av flatcoated retrieverar har denne mutasjonen. Det gjer at dei kan veldig lett leggje på seg.

No har forskarar funne ut av kvifor det skjer.

Etter fleire eksperiment ser det ut til at hundane med den uheldige mutasjonen er dobbelt så ramma.

Dei er meir svoltne, og på same tid har dei lågare forbrenning enn hundane med den normale genvarianten.

Det seier Raffan ei pressemelding frå University of Cambridge.

– Det er svært vanskeleg å halde desse hundane slanke, seier Raffan.

– Det må vere genetisk

Veterinær ved Rana Veterinærkontor i Mo i Rana, Lene Rasmussen seier ho har høyrt om funna frå University of Cambridge, og seier ho ikkje er overraska.

Overvektige labradorar og flatcoated retrieverar er noko ho har sett mykje. Ho opplev at det er spesielt labradorar som slit med vekta.

– Flatcoated er ofte overvektig, men ikkje like ofte som ein labrador. Ein labrador har ein litt annan form. Han er meir rund i fasongen, så ein ser det kanskje betre på ein labrador enn ein flatcoated retrieverar. Men begge to er ganske godt representert i overvektsklassen.

Ho seier at eigarane som kjem på veterinærkontoret med desse rasane ler det litt vekk når dei får beskjed om at labradoren deira er feit.

– Det er akkurat som om det er logisk at ein labrador skal vere overvektig.

Ho seier det er forståeleg sidan labradorane et alt dei kjem over.

– Finn dei noko, så et dei det. Heilt uavhengig om det er godt eller ikkje, seier Rasmussen.

Det er mange rasar som et alt dei kjem over, men ifølge veterinæren er det typisk at labrador og flatcoated retriever gjer det.

– Det må nesten vere genetisk.

Tips til å halde hunden slank

– Alle som har labradorar eller flatcoated retrieverar må passe på kva for mat desse mat-motiverte hundane får for å halde dei på ei sunn vekt, seier Raffan ved Cambridge University.

Sjølv om det er vanskeleg å halde desse rasane slanke, er det mogleg, seier ho vidare.

I pressemeldinga kjem ho med nokre tips:

Veterinæren på Mo anbefaler å gi eit fôr med lite kaloriar.

– Då kan du gi dei litt meir fôr utan at dei legg på seg, og dei får ein meir mettheitskjensle.

Ho seier at ein kan bruke matskåler som gjer at hundane et maten saktare.

– Forsking har vist at om dei et saktare så får dei ein betre mettheitskjensle. Dei trur dei har ete meir enn dei har gjort. Veldig mange av desse hundane slukar maten sin og et alt på ein gong, også trur dei at dei har fått lite.

Elles så må ein vere veldig streng, og finne nokre godbitar med lite kaloriar.

– Eg trur desse rasane ikkje bryr seg så mykje om det smakar godt, så lenge dei får noko. Så dei kan like godt få noko som har lite kaloriar.